Lenge sio eg har blogga, rett og slett kje gidda=p men no komme ein oppsummering på dei siste to vekene.
Me har vore ut i ein villiage, vett kje heilt ka den hette. Eg hadde visst klart å lage ein avtale ein sein fredagskveld, og jammen huska kje han som eg lagde avtalen det=p kje verst;) so lørdagen for 2 veker sio bar det ut til ein township, oscar tok oss med rundt, og so flink som eg e te å fikse avtaler so kom da fekk eg med ein lokal som stod i veikanten å slo gras, til å vise oss rundt. Sa so enkelt som ”hello, muli bwanji” som betyr: korleis går det. Og det e like vanli som å sei hei enno om du kje kjenne dei eller ka du gjer. Men vert fall, då kom han springende og me fekk med oss ein lokal som viste oss rundt, og det visst seg å vere ganske smart, fekk historier og møtte folk, veldi gøy =) I fix;) hehe… i township so e da kje luksus, eller det me kalle enkle kår, her e det om å gjere å få et tak over hovud, og klare å holde huset stående når regnet kommer. Husene e laga av ein blanding mellom sement og leire, so når regnet kommer renner leira vekk viss det kje har blitt laga skikkeli. Veldi trist å tenke at dei trenge sårt det regnet som kommer men at husene står i fare for å rase saman, og dei står husløse. Dette e et stort problem, eller det at elefanter kommer på leiting etter mat og faktisk slår ned husene med snabelen. Men det som va koseli va at me hadde minst 20-30 unger springene etter oss når me gjekk rundt, dei skulle holde hender og leie oss rundt, og vere ein liten mini guide, enno om dei kje kunne so godt engelsk. Dei tviholdt og ville kje sleppe tak på oss, so søte unger! Til og med eg blei litt sjarmert av desse sjarmtrollene;) hehe..
Det er ingen hemmelighet at dei som bur ut i desse townshipene er fattige, og eg meine kje norsk fattig, men afrika fattig, og har veldi lite å rutte med når det gjelder det å skaffe mat. Mange har kanskje nok til 1 måltid av og til 2 måltider til dagen. Det e virkelighetens virkelighet! Men dei smiler og er gla når me kommer å snakker med dei, veldi ivrige på å vise oss rundt, kjempe hyggelige folk=) og det florèrer med hunder her, som me kje får lov å klappe, nåke eg har veldi lyst til, dei e jo so skjønne (med litt skarpe tenner, men e berre dataljer=P), og hunder her nede e kje so populært og dei får lite mat siden mat kje e so mykje av. Det fælt å gå fordi hundene og du kan telle ribbeina deiras….
jordhus
her hive dei all søppelet nedi, et hull i bakken..
vannkranen i landsbyen..
her blir me vist rundt i landsbyen..
ei hytta som dei har klart å redde for å kje kollapse heilt etter regnet..
pakker det godt inn i plast for å unngå at leira på veggene ska bli vått..
hus som har kollapsa....
her e me med ungene som fulgte oss rundt, va nett som om me var i ein plan fadder reklame på tv, va akkurat som dåke ser der heime, me opplevde når me kom der til..=)
På onsdagen i sammen veke, hoppe litt fram og tilbake men jeje=p, so va sku me ha avskjedsmiddag med Ane (læraren vår på global knowledge), reiste til golf klubben og spiste ein bedre middag spandert av HiSF, liker det;) hehe.. veldi koseli, og me hadde pynta oss i kjoler, jentene vel og merke;) guttaboys slapp kjoler, vert fall for denne gang=p
Fredagen fyrte trekløveren( Renate, meg og Juliane) opp til fellesmiddag, ein skikkeli kose kveld på Willma=)
nam vegetar mat=D
der lagte me gratinerte grønsaker med nudler, utruli godt! Og vett du ka mamma, da va paprika og løk i den og eg spiste da, imponert eller?!=p men kje forvent at eg gjer det når eg komme heim, for det smaker mykje betre her nede enn ka da gjer heime, og du kan kje sei nåke på da for du har kje smakt dei her nede=p hehe.. same mld kan òg gå te Ingrid;) (berre sikrer med allereie;)) og eg har spist SUSHI!! 4 vitner, alle edru, og kje kjøpt og betalt! Juliane og Benjamin hadde lyst å prøve det, so eg, renate og robert hang oss på. Spiste calafornia rolls og maki, det var reke, krabbe, tunfisk og laks. Alle smakte heilt ok, utenom laksen, gud betre alt som går å gud betre, den smakte so innihardanger dårli, hadde store problemer med å svelge det, og dei fekk seg eit latterkikk vert fall der eg satt å prøvde å skjule meg so kje kelnerene so sjå det forvridde ansiktet mitt. Måtte skylle ned med ein mosi, har vert fall prøvd rå laks, anbefales kje=p men eg har vert fall prøvd rå fisk, og vil påstå at fiskekvoten min for to år fram i tid er fylt opp;) og eg har blitt veldi flink til å smake og prøve nye ting, Renate e veldi overraska og vil påstå litt stolt av meg=p hehe.. og Pappaen min hadde bursdag, hipp hurra=D
Igjen hopping, men igjen jeje=D lørdagen, som fredag, var det ut på tur eller by’n som det heiter so fint! Me reiste til Fairmount som alltids, blitt tilholdsstedet vårt i frå 00.00 til 03.30, speler bra musikk, innpåslitne menn men dei kan ein få vekk ein kommentar i frå Skinneren (mitt nye kallenavn), tar det kje alltid like fort, men repetisjon og hjelp frå andre so går det nesten=p
Kl blei halv 4 og turen gjekk videre til Chez Ntemba, lokal diskotek, eg, Kenaste(Renate) og AG(anne grethe) tok turen der, fulgt av 5 av dei som me har blitt kjent med her nede. Me gjekk i hovudgata og fekk sett korleis dei som kje er so heldi å ha et tak over hovud sover, 2 pappkartonger er det dei har, et til å ligge på og et til å ha vore seg, og ligger i inngangen til ein butikk eller under ein benk. Vaksne mennesker og unger heilt ned i 11-12 års alderen. Fekk et ganske stort sjokk då, me va klar over at dette e nåke som skjer, men det å sjå det og oppleve det på nært hold, sjå stakkars små uskyldige unger ligge under benker med ein liten papp over seg for å holde varmen, rett og slett grusomt. Men det er personer som passer på dei, slik at dei får vert fall sovet litt. Me ville prøve å hjelpe dei, og fant ut at me kunne kjøpe litt mat til dei og dele ut i gatene, gjekk bort til nåken som solgte mat, kjøpte alt ho hadde og gjekk rundt. Dei blei veldi gla når me kom, og dei våkna og såg at me hadde me mat og drikke te dei. Når me kom til enden av gata, blei det litt trøbbel, sjefen i gata va kje so gla for at me delte ut mat, uforståeli då, men fårståeli no etter han hadde roa seg og begynte å forklare koffor. Han va redd for dei neste natt sku sitte å vente på å få mat i frå oss, og me kje kom, og dei håpa for gitt. Han ville heller at me sku gje dei kunnskap og verktøy for å komme ut av vanskelighetene og få seg ein jobb, et yrke eller et eller anna for å komme ut av elendigheten. Fullt forståeli, men me gjorde nåken sjeler lykkeli vert fall den eine natta!
På måndag, no ska eg prøve å unngå meir hopping i dager;) då va det kvinnedagen og mammaen min sin bursdag=D me sto opp tidli for å få me oss kvinnetoget, 2. året dei arrangere det, dei innførte denne dagen i fjor, og det va litt av et tog! Heile hovudgata va fylt opp med kvinner, plakter og musikk. Dei sang, klappa og spelte musikk mens dei gjekk rundt med plakter om equal rights, equal oppurtunites! Viktig bodskap, og det e på full fart fram her i Zambia, veldi gøy å sjå=)
toget gjekk forbi jobben vår,sosial kontoret, her jobber me 8-17 kvar dag=)
"isbilen" fins det òg her=p
der etter gjekk turen til boat crusie og veldighetescrusie, me hadde kjøpt billetter frå et barneheim som samla inn penger, et 3 timers crusie for knapt 60 kr, og det går til unger som trenger det, ingen i gruppa som tvilteein gong. Va ein veldi fin tur, og gjengen koste seg med fint vær, nydeli utsikt og nokre flodhest hoder som stakk opp av og til i vannkanten, got to love this life=)
nydelig utsikt=)
Onsdag kom Svanhildur og Unni (lærarane våre på sos.arb. og vernepleie), me møtte dei på Rhapsody for ein betre middag, igjen spandert av HiSF;) hehe.. koseli å møte dei, og me blei møtt med klem og stort smil, utruli koseli=) fredagen va da veiledning på problemstilling på oppg., nei eg har kje glømt at eg må skrive da;), då reiste me ut til hotellet deiras, zambezi sun, du verden for et hotellet. Det va luksus, men berre 3 stjernes hotell, for oss va da jo 10 stjernes hotell og willma -10 stjerner=p der fekk me sole oss mens me vente på veildning og fekk gå lit rundt omkring, for der har dei sjiraffer og sebra som går laust i tillegg til aper som springer omrundt, gjett om eg va i hundreogfemti då=p lite soling og mykje speiding ette sebra og sjiraffer, blei lei av å vente so eg og Cathrine gjekk på jakt etter dei. Dei har krokodiller der òg, men dei fant me kje, lurte på om me sku stikke vetletåo nedi å sjå om dei ville ha litt mat=p turen gjekk mot nåken trær og ein sti, møtte på ein guide som trudde me budde på hotellet og tok oss med til sebraene og sjiraffene, so me fekk ein liten mini walking safari gratis=D klager kje på det=p og fant dei gjorde me, eg sto 1 meter i frå ein sebra, kunne enkelt tatt ut hando og klappa han, men fekk kje lov av guidene, merkeli nok=p og sjiraffen fant me inni skauen, majestetiske dyr, dei har forresten like mange nakkevirvler som ein mus!!!
majestetiske sjiraff!!!=)
se en sebra!;) va ein meter i fra, eg i hundre=D
ganske fint!!
underholdning når det blei lunch, dei spelte ganske kul musikk!!
På kvelden sku me ha grilling og kachasu-party, kachasu e heimebrent, smakt kje nåke godt, men har no vert fall prøvd;) koseli kveld med god mat og godt selskap=)
LAURDAG og bursdag til ROBERT=D hipp hipp hurra=D planen var å gå på losi(en ein folkestamme) party på kvelden, men den blei flytta so me lagde andre planer, fest ska det uansett bli;) me fekk nåken taxier og planen va å reise til et hotell der dei har vannsklie, der låg alf(frosk) død i bassenget, et godt tegn på å finne et anna basseng=p men problemet var at den taxien eg, jolly(juliane) og Kenaste(renate) tok var det kakkelakker i, i helvete dei e ekkle dyr asso!! So me satt på vakt, vifta dei vekk utan å drepe dei, då hadde jo 30 000, altså heile familien, komt i begravelse, kje so gira på da. So me satt i kakkelakk bilen i 1 time, skeptisk te tusen og me tok turen til Chrisma et hotell me kjenne godt, der dei har bar i bassenget, og kosa oss i ein del timer. Og eg fekk bestille usyneli indianer, eller vodka battery som den òg hette, bartenderen hadde aldri hørt om den, merkeli nok, so eg trur eg har overbevist han om at han ska kalle den skinner=D heile gruppa har begynt å kalle med det no, og kvar gong nåken da skinner so snudde kelneren seg òg, det vist seg at han òg hette da=p ganske vittig=p
nåken hadde kjøpt dusjhette til ære for robert, me va rett og slett nydelig i den=p
gamlemor på svømmetur=p
leike oss i bassenget med dusjhettene på=p til høgre ser dåke litt av baren!=)
the bar by night!!
Bursdagsgave te robert va kje berre berre å finne, so me fant ut at me lage ein, han har ønska seg ei afrikansk skjorte, so me kjøpte inn chechenga, enkelt sagt et tøystykke, og sydde skjorte te han, tok rundt 3 timer, eg har sydd nok for et år vert fall!! Han blei storfornøyd=)
juliane livredd for at eg ska treffe ho med nåla, dette e då når eg syr 30 cm i fra henne=p ho e no skjønn;) hehe
det ferdige resultatet, den såg bedre ut på robert og han likte den!! syns me va jekli flinke som klarte å sy dette med v-hals når me aldri har gjort det før!!;)
kvelden bar videre til fairmount og chez ntemba, på fredagen når me ute va mannfolko heilt idiotiske, sku tru da va fullmåne, uansett kor me gjekk hang dei ette som slips, innpåslitne ……! So me håpa sio dei sku i kyrkjo på søndagen, at dei kje va ute, men heldige oss so va jo dei mest innpåslitne og ekklaste mannfolko ute. Et par gloser kom da når eg hadde fått nok, og hjalp da, sjølvsagt kje… menmen..
Søndag va dagen der på, og me va sletne va å vere helter om natta to dager på rad, so me ringte etter pizza, 5 pizza blei bestilt, 5 cola, 3 filmer og 3 jenter, fantastisk dag=D
hehe=p
I tillegg har eg fått ”i love you” av ein uviten, innpåsliten kompis, som hadde dråkke litt for mykje vatn og va litt på bærtur, prøvde å forklare han at han måtte gå heim å legge seg og at han berre prate tull, tok nåken timer og han e no kalt for dramaqueenen=p ska kje vera enkelt…=p
I går tok mr. Kawana, sosial arbeideren som me henger etter, til ein klinikk, der dei deler ut gratis medisin for dei som ha hiv og aids. Va ein lang lang kø, og du må ha et kort med et tall på for å få medisin, e rundt om 6000 kort som er delt ut berre her i livingstone… e utruli mange, men vett kje om det e riktig for tall, for som Kawana sa so dør det veldi mange heile tida pga HIV, veldi trist situasjon.
Dei andre dagene har gått med til jobbings! Har vore to litt triste veker, har vore totalt 3 dødsfall, to frå jobb og eine nevøen til ei på jobb, ein ligge på sjukehuset, to stk har vore på sjukehus, raning av spar-butikken her der ein politimann blei skutt. E veldi mykje tragedie her nede, men dei klare å jobbe seg gjennom det på ein heroisk måte!!
No venter 3 bursdager i sikte, Veronica i måro, Renate på laurdag og Marianne neste måndag. I tillegg e turen til Zanzibar i boks, reise neste torsdag, og ska ver der i ca 10 dager, sjå hav, kvite strender og fornye visum;) blir bra=D og eg ska besøke reformatory school på måndag, det er det eg ska skrive oppg om. Glede meg veldi, ska ha ein del intervju med nåken av dei som er der, og lederen. Reformatory school er då et alternativ til fangsel for kriminelt dømte ungdommer, der dei får trening i ulike ting og yrke som dei kan gå videre med når dei blir eldre, veldi bra tiltak, eller det er vel det eg ska undersøk, so me får sjå;)
Her ein liten oppfordring til dei som har mulighet, sosial kontoret og landet generelt har lite penger å rutte med, og dei fattige går til sosial kontoret for å spørre om pengestøtte til uniform, bøker og skuleavgift og eksamensavgift, det er mange mange som kje har råd til det, eller er so privilegert at dei har penger til det. Sosial kontoret får litt penger i frå staten til å fordele og bruke på utdanning, men det er ikkje nok, og er veldi mange som kje får penger til det, og sosial kontoret har gått rundt til skulene for å spørre om dei får sette rekningane på kreditt for at ungene ska få mulighet til å få ein utdanning. Sosial kontoret skylder rundt 10 000 000 kwacha, der er rundt 14 000 norske kroner, veldi mykje i zambisk setting, so me som jobber der prøver å samle inn litt penger til utdanningskontoen til sosial kontoret vårt, slik at fleire barn og ungdommer får fullført skulegangen sin! Dei som er interessert kan legge igjen ein kommentar på bloggen, so tar eg kontakt.
her tar me å vaske klena for hånd, all honnør som gjer dette til vanlig og lenge leve vaskemaskina!!
e tungt dette her, og klena komme kje te å bli skikkeli vaska eller rein før eg komme heim te norge, berre skylle dei litt og tar på litt god lukt, god som ny=p
henge da te tørk på rommet=p
ka gjer me når me kjede oss og det regne, hoppe i dammene=D
det e so varmt her nede at ein kan presse terningene sammen og dei henger ganske so godt..!!! det e varmt det!!
gekko innpå rommet=) søt!=)
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
Hei Stine - har i dag kost meg med innlegg fra deg, Maren og Juliane. Det er sterke opplevelser dere får, vi er stolte over hvordan dere takler annerledesheten. Dere kommer nok hjem litt mer voksne og reflekterte - og da tenker jeg ikke hverken på søledamhopping eller en dag i senga med pizza, brus og film! Du hadde tatt mange fine bilder, de sier ofte mer enn ord. Nå må dere begynne å gjøre dere klar til Zanzibar, det er en perle! Beste hilsen Elisabeth (mamma'n til Juliane)
ReplyDelete